Virkesdal på “Vestgar”

Virkesdal på “Vestgar”

Det er vanskeleg å verdsetja den viktige funksjonen rutebåtane har hatt for folket på Vestlandet – og i særleg grad for strilane i Øygarden. Her var det – fram til Sotrabrua opna i 1972 – sjøvegen som galdt. For dei mange øysamfunna var rutebåten den faste leverandøren av folk og fe og allslags varer som folk trong i kvardagen.

Dette var tema for foredraget Erling Virkesdal heldt i salongen på «Vestgar» torsdag 27. mai, trygt plassert ved kai i Solsvik. Tilskipar var Fjell kulturminnelag.

Virkesdal har arbeidd mykje med historia til rutebåtane på strilelandet, og delte raust av denne historiske skatten til flokken av interesserte tilhøyrarar. Også der fanst det mykje eksakt kunnskap om strilabåtane – heilt ned på detaljnivå – og jamvel foredragshaldaren laut bøya seg for så mykje lokalkunnskap. Foredraget var nyttig når vi no står framfor ein ny revolusjon innan samferdsla til og frå Øygarden – med ny bru ferdig i 2025…